🔞 ADULT: Gallery - High Quality

mandag 8. desember 2014

Glitrande julekort

Ikkje klare eg å overpynte mine julekort, ei heller likar eg dei for enkle.
Om 2 dagar skal eg køyre post kver dag 
fram mot jul og lite tid til papirsyssel då. 
Likevel e det heilt låst ..
Men noko har eg eg då fått lirt or meg.
Midt i det kreative kaoset ;)
Det store kortet vart for mykje ledig plass rundt,
eg klare ikkje sånt ...
Dei små held eg på å montere.
Må legge dei rett i cellofanposar, elles e her glitter overalt.

Håpar DU  har meir og beire suksess med dine kort ;)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 30. november 2014

Julekort

... i raudt og gull :)
Når eg har press på meg og ikkje anar korleis eg får løyst det,
oppsøkjer eg nye kontoar på Instagram.
I går kveld fann eg bankmaus78
Ho hadde ei heil vøle med 
nydelige -meir el mindre- enkle julekort. 
Eg la meg straks til som følgar 
Og om de lurer på korleis hennar kort såg ut
ta ein tur innom Instagram og leit ho opp ;)
Det var i turkis og sølv.
Gullpapir er kartong kjøpt på Søstrene Grene
Martha Stewart punch - hjertebord
God Jul er embossa
Eg deltek på følgande utfordring/
Participating this challenge:
Brown Sugar #122 - Anithing goes

Takk for at du stakk innom. 
Legg gjerne att ein kommentar.
Då blir eg so glad so glad
Ønsjer deg ei finfin veke ♥
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 23. november 2014

Julekort ♥

.. med Tim Holtz stencil THS 028
og ei julestjerne frå spellbinders.
Twine e frå Live and love crafts
Halvperle frå Panduro og midten på stj. 
er My minds eye - golden dots.
Deltek på Trykkpressa november - Rød jul

Lyte prøve å lage fleire slike.
Sjølv om det va litt bal med den stencilen ..

Ønsje deg ein fine kveld :)

torsdag 20. november 2014

Hjarte fyllt med papirroser ♥

Kjære Solfrid :)
Eingong vi gjekk igjøna mine kreative bilder, 
beit du deg merke i dette rosehjartet.
Og sidan du vart 55 år måndag som var,
tenkte eg det va på sin plass og gje det til deg ;)
Sjølvsagt nylaga og med halvperler
 Nokre knappar må til c'du :)
Mønsterpapiret er Papirdesign: Solveig
Blomster frå Wild Orchid Crafts
Dies frå Nellie snellen

Trur eg lyt lage opp nokre slike kort og selje dei  :)