💥 TRENDING: Gallery - Full Archive


mandag 2. november 2015

Klubbkvelden 4. november 2015

Hei alle saman.

Dei som kan på onsdag 4. november møter opp kl. 17.00 og så starter vi og lære teknikken, Quilt as you go.  Dei som kjem kl. 18.00 og vil vera med å lære ,Quilt as you go, vil få opplæring då. Det går heilt fint.

Ein enkel teknikk og gøy måte å få brukt restar på.

Hugs ta med,
platevatt,
stoffrester,
eit stoff til å ha bak vatten.
Papp om du vil teikne av maler.
Denne kvelden lærer vi teknikken og kan heller møtast ein kveld seinare om vi skal sy noko ilag av det stoffstykket du laga på onsdag.


søndag 9. mars 2014

Grunna nett-trøbbel blir vi kanskje tvinga over på ein ny blogg. De finn han her:

http://gloppetausene2.blogspot.no/

fredag 21. februar 2014

Kurs i lappeklubben

Her er bilete av Marie sitt teppe "Gamle dager". Det var ein BOM frå Kathrines Quiltestue, og stoffa er reproduksjonar. Teppet er kvilta av Merethe på sy.no.





Marie har halde kurs i Buggy Barn to onsdagskveldar. Aktiviteten sist onsdag var svært god!




torsdag 6. februar 2014

Årsmøte i klubben

Onsdag 5. februar var det årsmøte i klubben vår. Etter at møtet var avvikla, hadde vi Ingunn Vaksdal på besøk med demonstrasjon av linjalar. 
Marie, Marit og Anne gjekk ut av styret.

Stor takk for det flotte arbeidet de har lagt ned i klubben!

Dei nye som kom inn er Svanhild R, Grethe M. og Reidun A.F. Vi kjem attende til det nye styret når dei har konstituert seg, og vi ønskjer dei lukke til med verva!


Ingunn hadde med seg mange kjekke linjalar, modellar og stoff. Her er ho i sitt ess!




 Denne vårlege twisterløparen er berre lekker!



Hex'n more-linjalen er blitt nytta i desse prøvene.






Storm at Sea, eigen linjal til denne.





Denne løparen har Mariann i NLQ sydd, etter kurset dei hadde med Marie.